Overvakar vassdrag etter rømming

Nyheter
512

Fiskeridirektoratet har sidan tidleg i oktober følgt opp ei rømmingssak der kjelda til rømminga ikkje er kjent. Meir enn 50 tips om fangst av rømt oppdrettsfisk er meldt inn i denne saka. Fangstane er i hovudsak tekne i området Haugaland – Sunnhordland, men heile kyststrekninga Haugesund – Hardanger – Bergen er representert. Tipsa dreier seg om til dels store fangstar teke på garn. Fisken er i storleiken 2 – 4 kg, melder Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har sett i gang overvaking av 16 vassdrag for å kartlegge om den rømte fisken vil vandre mot villaksen sine gyteplassar. Rømt fisk som vert observert under overvakinga skal takast ut der det lèt seg gjere.

Det er Uni Research Miljø som utfører oppdraget for Fiskeridirektoratet.

Dei fleste fiskane frå den aktuelle rømminga er sannsynlegvis umodne, men ein kan ikkje sjå bort frå at ein del av individa er kjønnsmodne eller i ferd med å modne. Fiskeridirektoratet er uroa fordi mange av bestandane av vill laks i regionen er fåtalig og påverka av ein vedvarande situasjon med mykje rømt oppdrettslaks, fremgår det av meldinga.

Vassdrag som no blir undersøkte:

  • Kvalaelva
  • Ådlandsvassdraget
  • Etneelva nedom fella
  • Fjæra
  • Uskedalselva
  • Omvikelva
  • Guddalselva
  • Rosendalselvene
  • Ænes
  • Bondhuselva
  • Jondalselva
  • Strandadalselva
  • Steinsdalselva
  • Øysteseelva
  • Oselva
  • Tysseelva