Kurt Oddekalv og Norges Miljøvernforbund er på sin årlege tur nordover langs norskekysten med båten «Miljødronningen». Han har familie på Senja og pleier å feriere der, men på vegen opp og ned filmar han frå botn under utvalde oppdrettslokalitetar, med mål om å kunne dokumentere ulovlige utslepp.
Dei aller fleste som føl med på kva som skjer i oppdrettsnæringa, kjenner til Oddekalv sine metodar, at han melder selskapa til politiet, og at sakene vert lagt vekk på grunn av manglande dokumentasjon. Men ein del politikarar og andre kjende personar uttrykker i media at dei trur på Oddekalv, noko Kristiansen syns er rart.
– Nordlaks er eit av selskapa som har fått besøk denne sommaren og det har skapt debatt, men eg syns det er vanskeleg å forstå kvifor det enno er ein del som trur på Oddekalv, utan at han dokumentera sine påstandar. Oppdrettsnæringa må på si side dokumentere alt dei til ei kvar tid gjere på lokalitetane sine, seier Kristiansen til iLaks.
Invitera Oddekalv og andre på besøk
Etter kvart har oppdrettsnæringa etablert mange visningssenter langs kysten, og Kristiansen invitera alle som ønskjer å lære om oppdrettsnæringa på besøk, enten dei kjem til Vesterålen, eller dei besøker eit som ligg i eige nærområde. Ho ønskjer også å invitere Oddekalv til å besøke visningsanlegget i Vesterålen, gjerne på returen til Bergen.
– Oddekalv og andre som ønskjer å gå igjennom dokumentasjon på drifta vår må gjerne komme på besøk, enten til selskapet, eller på visningsanlegget, seier Kristiansen til iLaks.
Ho legg til at dei veit korleis det ser ut under merdane, og dei har ingen ting å skjule.
Bør kanskje endre ordvalet
Oppdrettsnæringa bruka mykje tid på produksjon og på å dokumentere at alt skjer på ein forskriftsmessig måte, og Kristiansen innrømmer at ein kanskje må bruke meir tid på å kommunisere kva ein faktisk driv med. Ein bør også tenke igjennom kva ord og utrykk som blir brukt. Når oppdrettsnæringa snakka om å brakklegge ein lokalitet, er det akkurat det same som bonden gjere når han flyttar potetåkeren til eit anna område for at jorda skal få kvile i ein periode. Men omgrepet er kanskje ikkje så kjent, og det bør kanskje forklarast betre i offentlege samanhengar.
– Kvar einskild bedrift må velje kva kommunikasjonslinje ein vil ha, men eg kan jo berre snakke for Nordlaks, og vi trur på åpenheit. Vi har ingen ting å skjule, seier Kristiansen og legg til at ho gjerne skulle hørt fleire næringsstemmer i den offentlege debatten. Ho trur dei som faktisk driv i næringa kan fortelje om kvardagen sin og bringe inn eit anna perspektiv i den offentlege debatten.
– Dokumenterar godt nok
Kurt Oddekalv på si side meina at påstandane om utslepp er godt nok dokumentert.
– Vi dokumentera ved å bruke miniubåten under merda og dersom armen forsvinne langt ned i underlaget, så betyr det at vi har funne mykje drit, seier Oddekalv til iLaks.
På spørsmål om kvifor han ikkje tek prøvar frå botnen, er svaret at han ikkje gidd å diskutere med oppdrettarane kvar prøvane er tatt.
Oddekalv skal vurdere om han vil besøke visningsanlegget i Vesterålen på tur sørover, men han er skuffa over at Inge Berg i Nordlaks ikkje har stilt opp på eit møte han hadde tidlegare i dag om bord på «Miljødronninga». I skrivande stund ligg båten til kai og ventar på nytt mannskap i Lenvik. Ifylgje Oddekalv deltok fiskeriminister Per Sandberg på møtet.