Over ein halv milliard i pluss for Alsaker

Nyheter
1586

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på 568 millionar kroner i 2017.

Med ein omsetnad på 1.621 millionar kroner gir dette ein driftsmargin på 35  prosent for selskapet med fem smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.

I 2017 produserte konsernet 31.000 tonn laks, mot 32.500 tonn året før.

«Produksjonsmessig har 2017 vore eit heller svakt år for konsernet. Både produksjonsvolumet og
slaktevolumet gjekk litt ned samanlikna med 2016. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks», skriv konsernsjef og eigar Gerhard Alsaker i ein kommentar til resultatet.

«Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein sterk etterspurnad også i 2017. Det globale tildodet av atlantisk laks auka med cirka to prosent medan gjennomsnittleg eksportpris på laks frå Norge blei redusert med cirka fem prosent samanlikna med forrige år».

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på 1.145 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 58 prosent.