Gjellesjukdom skal vere årsaka.
Mattilsynet gjennomførte eit tilsyn ved anlegget Oksebåsen i Giske utanfor Ålesund den 4. november. Etter dette fekk oppdrettaren Mowi pålegg om å gjennomføre tiltak, ifølgje Sunnmørsposten.
Sunnmørsposten skriv at selskapet skal ha meldt tilbake til Mattilsynet at dei hadde fått situasjonen under kontroll, men Mattilsynet meiner det ikkje er nok.
Derfor har dei komme med pålegg om fleire tiltak, og dei har varsla om tvangsmulkt på 320.000 kroner dagleg frå 2. desember dersom pålegget ikkje blir imøtekome, melder avisa.
I vurderinga til Mattilsynet står det mellom anna at situasjonen er uforsvarleg ut frå omsynet til dyrevelferd.
I eit svar til Sunnmørsposten seier Mowi mellom anna at:
– Mowi samarbeider elles godt med Mattilsynet og følgjer naturlegvis pålegg frå myndigheitene.






