Osland utvidar sin satsing på avl 

Nyheter
884

Osland Stamfisk og Ilsvåg Holding har i fire år samarbeida godt på utvikling og avl av regnbogeaure. No overtek Osland Stamfisk Ilsvåg-stammen, noko som synleggjer satsinga på avl og genetikk.

Etter overtakinga sit Osland Stamfisk no att med to avlslinjer som begge er med i familieavlsprogram leia av Nofima, skriv selskapet i ei pressemelding.

Foto: Osland Stamfisk

Ilsvåg skal for sin del halde fram med sin settefiskverksemd (produksjon av yngel, settefisk/aure/laks frå rognstadiet), som har vore Ilsvågs hovedbeskjeftigelse i alle år.

«Hausten 2019 identifiserte forskarar hos Nofima ein QTL for IPN i Osland-stammen. Denne vert teken i bruk i marknaden frå 2021. Samstundes arbeider vi med og integrere QTL som verktøy også i Ilsvåg-stammen.»

Osland Stamfisk vil i framtida ha stamfisk både i PO2 og PO4.

«Vi testar og ut ny teknologi med å ha stamfisk i lukka merd i sjøen, og vi investerer for å kunne ha heile syklusen på land. Kombinasjon av tradisjonelle merder, lukka merder og produksjon på land er ein sikkerheit for at vi kan tilby våre kundar eit optimalt avlsmateriale i åra som kjem», skriv selskapet.

«Gjennom ei målretta satsing har Osland bygt eit regionalt team rundt stamfisksatsinga. Med to aure-stammar og bygge vidare på skal vi tilby ein regnbogeaure som skal styrke våre kunder i Norge og utlandet.»

Foto: Osland Stamfisk