Erik Osland i verksemda seier at dei ynskjer å visa ei verksemd som tek samfunnsansvar og meiner Sogndal Fotball er ein god arena å vera på. Dei ynskjer å nytta miljøet kring klubben og Fosshaugane Campus til organisasjonsutvikling, profilering og opplevingar for dei tilsette med familiar, skriv Sogndalfotball.no.
Osland Havbruk er med i Salmon Group, verdas største nettverk av små, familieeigde oppdrettsselskap. Med hovudbase i Bergen, yter Salmon Group service for 46 aksjonærar, som tilsaman disponerar 113 konsesjonar for oppdrett av laks og aure langs norskekysten og produksjon av 50 millionar smolt.
Osland Havbruk AS vart stifta av Erling Osland i 1965 og er definitivt ei av pionerverksemdene innan havbruk i Norge. Verksemda produserar for kresne kjøparar i Japan, USA og Europa. Osland produserar settefisk og har eigen konsesjon for produksjon av kveite.
– Me har fått ein tungvektar innan oppdrett på laget vårt, det er me meir enn glade for. Me har mykje å læra av Osland Havbruk og Salmon Group. Det handlar om å tora å satsa sjølv om ein kjem frå ein liten plass. Slik sett har me og mange felles utfordringar, seier omdømmeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.