Løysinga er levert av Østerbø Maskin og Electro Automation Austevoll, og går til Osland Stamfisk sitt anlegg i Skigelstrand, Rogaland.
– Hybrid er den beste løysinga der landstrøm ikkje er mogleg, seier driftsleiar Sverrir Valdemarsson i Osland Stamfisk.
– Vi jobbar målretta med berekraftig matproduksjon, og det er derfor ein eksisterande flåte vi no oppgraderer til toppmoderne hybrid drift.
Sjølve monteringa på flåten skjer no i april, mens FAT og opplæring er gjennomført på Austevoll.
Generator + «Batterator»
Østerbø Maskiner er leverandør av strømaggregat, og Electro Automation Austevoll har utvikla batteripakken «Batterator». Saman har dei solid erfaring frå havbruksnæringa, og når dei no slår hovuda sine saman blir resultatet ei optimal løysing for hybrid drift av fôrflåtar.
Mange fordelar med hybrid fôrflåte
Til vanleg utnyttar eit flåteaggregat gjerne berre 15-20 prosent av effekten, fordi det må vere dimensjonert for å takle dei store toppane i eit forbruk med stor døgnvariasjon.
Ved å kombinere generatoren med «Batterator» vil den no gå med optimal last når det er i gong. Generatoren vil forsyne flåten med det den treng, og samtidig bruke overskotet til å lade «Batterator». Når batteria er fullada vil dei forsyne flåten og generatoren slåast av. Dette fungerer saumlaust og automatisk og gir optimal drift, døgnet rundt, heile året, ifølgje Osland Stamfisk.
– Slik blir det mindre behov for service, lågare olje- og drivstoff-forbruk og mindre støy. I tillegg vil levetida på generatoren bli lenger sidan den no får «eit sunnare liv», seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin.
– Så denne løysinga er faktisk vinn-vinn for både miljø og økonomi på sikt.
Fokus på tryggleik
Electro Automation Austevoll er svært nøgd med leveranse av «Batterator» til Osland, og leverer her eit batterisystem som er dimensjonert tilsvarande størrelsen på generatoren.
Batteria som blir nytta er DNV godkjente for bruk i fartøy, og innehar ein batterikjemi utan tungmetallet kobolt.