Opprydding har høgste prioritet

Nyheter
447

Etter ei lang oppdrettskarriere utan store rømingshendingar vart selskapa til Knut Frode Eide råka hardt under uværet «Nina». Mest omfattande var skadane på anlegget til Fyllingsnes Fisk i Nordhordland, der rundt 51 000 fisk har rømt etter at anlegget sleit fortøyningane, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

– Anlegget var sertifisert for å tole dette været, men foreløpig ser det ut til at det er komponentar som ikkje har helde det vi var lova, seier Eide. Då uhellet var ute, jobba vi heile natta med å få teke kontroll på anlegget, vi hadde båtar på hand som kunne gå inn og berge det, men dei fekk ikkje lov av Kystverket å gå inn i fjorden.

Eide betalar no 200 kroner pr. fisk som kjem inn til gjenfangstmottaketved Sævråsvåg kai. Så langt er 8000 fisk leverte inn. Han er takknemleg for at mange har kome han til unnsetnad for å fange inn at fisken som er på avvegar.

– Over 100 personar har delteke aktivt i arbeidet, derav 50 fiskarar. Vi har fått hjelp frå båtar, dykkarar, ROV og ingeniørar med spesialkompetanse, i tillegg til at våre eigne tilsette har gjort ein formidabel innsats. Det set eg stor pris på, det har vore ei katastrofehandtering for oss å gå gjennom desse siste vekene. Vi har jobba dag og natt med å ta kontroll på anlegga og rydde opp etter oss.

Den rømte fisken var heilt frisk og klar til å slaktast og sendast ut i marknaden, han var ekstra nøye overvaka som ein del av eit forsøk med triploid fisk, også kalla steril fisk. Denne kan ikkje formeire seg, men Eide ynskjer likevel å få oversikt over kva skade som kan vere påført naturen ved ei slik rømming.

– Vi ynskjer no å samarbeide med forskarar og elveinteresser for å overvake kva som skjer med denne fisken dersom han går opp i elvane. Vi føler eit ansvar for å ha oversikt over alle konsekvensar våre rømingar kan ha hatt for naturen, og vi treng og denne kunnskapen for å kunne avgjere om triploid fisk bør vere eit satsingsområde for framtida, seier Knut Frode Eide.

Ved sidan av hendinga av røminga i Nordhordland, vart også to av Eide sine anlegg i Hardanger påført skadar under stormen. Heldigvis ser det ut til at skadane her har medført kun eit minimalt antal rømte fisk.