Oppdrettspionér søker seks utviklingskonsesjonar

Nyheter
824

Osland Havbruk var med å starta norsk oppdrettsnæring, og vil vere med å utvikle næringa med nye løysningar basert på kjent teknologi.

Vi har søkt Fiskeridirektoratet om seks utviklingskonsesjonar for å realisere «Bunnsolid», ein betongkonstruksjon som løyser mange av utfordringane fiskeoppdrettsnæringa står ovanfor i dag, skriv Osland i ei melding.

Formålet med «Bunnsolid» konseptet er at vi skal kunne nytte dei unike kyst og fjordareala vi har i Norge til å skape vekst i norsk matproduksjon. Betongkonstruksjonen er dimensjonert og konstruert  slik som betongbeina på ein oljerigg, plassert på botn, ein sikker og kjent konstruksjon.

Vi får då ein rømmingssikker «merd» som får tilført vatn frå lusefri djupne. Avløpsvatnet blir spreidd på store djupner og vil tilføre næringssalt til næringsfattige fjordsystem, skriv Osland vidare.

«Bunnsolid» vil vere ein trygg arbeidsplass med stabile arbeidsplattformer, som gjer det enkelt for røktaren å ha fokus på fôring og fiskevelferd.

Osland Havbruk ynskjer å bygge ein prototype på 1000m3 på Osland, og når den piloten er ferdig vil eit fullskalanlegg i storleiken 20 000m3 og 40 000m3 bli etablert.