Opnar 16 av dei stengde lakseelvane

Nyheter
0

16 av dei 33 elvane Miljødirektoratet stengde for laksefiske frå Trøndelag og sørover 23. juni, opnar frå midnatt natt til torsdag 11. juli for eit svært avgrensa fiske under strenge vilkår.

I Sør-Noreg opnar avgrensa laksefiske i 16 elvar, og to av seks stengde sjøområde. I nord blir laksefisket stramma inn i Varangerfjorden. Det skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

–  Ei ny oppsummering av fangsttal og fisketeljingar viser at det framleis er nødvendig med ekstraordinære tiltak i laksefisket i elvane og fjordregionane frå Trøndelag og sørover. I nord ser vi oss nøydd til å avgrense laksefisket i Varangerfjorden, inkludert sidefjordar og elvar som renn ut i dei, seier leiar for fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, Raoul Bierach.

Her opnar laksefisket
Desse 16 elvene opnar for eit svært avgrensa fiske frå midnatt natt til torsdag 11.juli:

  • Agder: Tovdalselva, Otra, Mandalselva, Lygna.
  • Rogaland: Figgjo, Vikedalselva.
  • Vestland: Oselva, Daleelva, Gaula i Sunnfjorden, Åelva og Ommedalselva, Hjalma.
  • Møre og Romsdal: Korsbrekkelva.
  • Trøndelag: Nidelva, Stjørdalselva, Verdalselva, Namsenvassdraget inkludert Høylandsvassdraget og Sanddøla.

Og desse sjøområdene opnar for fiske med kilenot, lakseverp, stong og handsnøre frå 13. juli:

  • Åfjord og Namsfjorden i Trøndelag. Vekevis fisketid med kilenot og lakseverp er måndag kl. 18 til onsdag kl. 18

Fjordregionane Åfjord og Namsfjorden blir opna med halvert vekevis fisketid resten av sesongen, medan det framleis blir stengt for fiske i fjordregionane Indre Rogaland, Dalsfjorden, Nordfjord og Trondheimsfjorden.

Strengt i Varanger
Nord for Trøndelag blir det normalt teke mest laks i elvane frå juli og utover i sesongen. Fordi fangstane tidleg i juli kan variere mykje mellom år i dei ulike elvane, er det framleis meir uvisse om lakseinnsiget i nord enn i sør.

Etter fleire år med svakt lakseinnsig ser det i Varangerfjorden i Aust-Finnmark ut til å bli endå færre laks enn før – sjølv om mange elvar har vorte stengde i fleire sesongar allereie. Sjølaksefisket tek meir enn 70 prosent av fangstane i denne regionen, og har ikkje vorte innskrenka i same periode.

Laksefisket i sjø i Varangerfjorden blir derfor redusert frå fire til to dagar i dei resterande to vekene av sesongen, inkludert Karlebotn, Kjøfjord, Bøkfjord og Jarfjord. I elvane som renn ut i Varangerfjorden med sidefjordar, blir laksefisket avslutta to veker før det som tidlegare har vorte bestemt.

Det betyr at laksefisket stengjer 17. august i Komagelva, Skallelva, Vestre Jakobselv og Bergebyelva, og 1. august i Storelva, Munkelva, Haukelva, Braselva, Sandneselva, Klokkerelva og Nyelva.

Bekymra for rømd oppdrettslaks
Det har i år vore rømmingar av oppdrettsfisk i til dels stort omfang enkelte stader i landet. Fisken som rømmer kan blande seg med den ville laksen, og i tillegg vere berarar av fiskesjukdommar. Ein del har meldt bekymring til Miljødirektoratet over at det med stengt laksefiske i elvane heller ikkje blir fiska opp rømd oppdrettsfisk der.

Rømt oppdrettsfisk tatt i Havforskningsinstituttet sin fiskefelle i Etne. Illustrasjonsfoto: Erlend A. Lorentzen / HI

–  Utfisking av rømd fisk i elv er ofte lite effektivt, og spesielt tidleg i sesongen. I dei elvane der laksefisket no er stengt, og som er mest utsett for rømd fisk, vil vi derfor vurdere om det er nødvendig å gjere tiltak, seier Bierach.

Ber elveeigarar ta ansvar
Denne sesongen har det komme få laks på over tre kilo til elvane sør for Nordland, medan det lenger nord er meir lokal variasjon. Det er viktig at elveeigarane i heile landet følgjer godt med på kor mykje fisk som kjem og kor mange som blir fanga, og at dei avgrensar fisket der det er nødvendig, skriv Miljødirektoratet.

–  I tida etter at vi stengde laksefisket ein del stader er vi glade for at mange lokale elveeigarlag har følgt oppmodinga vår, og sendt oss melding om ekstra innstrammingar i fisket som dei allereie har innført eller skal innføre snart. Dei som enno ikkje har gjort noka vurdering av forholda for laksen i elva si, bør gjere dette snarast, seier Bierach.