Om Landøy Fiskeoppdrett, skattepress og politisk risiko

I dag har ordførar Ole Andre Klausen og eg besøkt familieselskapet Landøy Fiskeoppdrett på Værlandet i Askvoll kommune. Selskapet blir drivne av tre brør; Roar, Helge og Kjell Landøy, etter at faren og onkelen etablerte seg som oppdrettpionerar på 1980-talet. Verksemda held til mellom holmar og skjer heilt ute i havgapet.

Etter 40 års drift har dei tre brørne nå sett i gang sal av verksemda. Grunnen er stort skattepress, og ei veldig stor uvisse om framtida. Skatteskjerpingane og den politisk risikoen regjeringa har skapt, har fått konsekvensar.

I dag låg sjøen på Værlandet. Som oppvaksen i fjærsteinane, veit eg likevel alt for godt at dei fleste dagar ikkje er slik. Det normale er sjødrag, bølgjer, regn og vind. Og ofte er det meir enn det, eller som Arne Garborg skriv i romanen Fred; «Det er sjølve havet. Nordhavet, breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drive av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or skodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgetone frå dei ytste avgrunnar».

Kontrastane frå Garborg sitt skildring frå Jærstrendene til Vedum sitt kontor i Finansdepartementet er store. Kanskje er det òg grunnen til at finansminister Vedum rett og slett ikkje forstår det opprørande og urimelege i at hardt arbeid og innsats på desse utsette stadane, skal skattast tre gangar så høgt som næringslivet i hovudstaden.

For det var det som skjedde. Etter at førre regjering hausten 2021 med eit (nesten) samla Storting i ryggen hadde sidestilte formueskattlegginga av oppdrettskonsesjonar gitt før og etter 1998, noko som gav mange ikkje-børsnoterte oppdrettarar auke i formueskatten, fann Arbeidarpartiet og Senterpartiet like godt ut at heile formueskatten i tillegg skulle doblast.

Før september 2022 hadde det altså allereie skjedd ei vesentleg skjerping i skattlegginga av havbruksnæringa. Trass denne skatteskjerpinga, bestemte altså Arbeidarpartiet og Senterpartiet at næringa likevel skulle få ein ny ekstraskatt på 40% – noko som i nokre tilfelle ville gi ein skatt på over 100%. Lakseskatten skapte ein storm av protestar, og over 600 høyringsvar dokumenterte at verken skattesatsen eller modellen var i samsvar med uttalte politiske mål for havbruksnasjonen Norge. Dette gjorde likevel lite inntrykk på regjeringa.

Saka enda med eit forlik i Stortinget med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Pasientfokus, kor skattesatsen blei sett til 25%, medan regjeringa sin skattemodell blei ståande. Høgre stemte i mot heile lakseskatten fordi skattenivået er for høgt og modellen dårleg. Høgre stemte derimot for at rabatten på formueskatten skulle aukast frå 50% til 75%, noko som òg var ein del av forliket på Stortinget.

Tilbake til Vestlandet og Værlandet: – Det viktigaste for oss er at verdast beste laks også i framtida kan produserast på Værlandet, og at det skapar arbeidsplassar, aktivitet og attraktivitet i lokalsamfunnet vår, fortel dei tre brørne. Så legg dei til: Slik situasjonen nå er blitt er risikoen stor for at eit lite familieselskap ikkje kan makte det i framtida. Skattetrykket og all uvissa som rår, er blitt krevjande for oss.

På veg tilbake frå Værlandet er det vanskeleg å ikkje tenkje på om regjeringa verkeleg forstår kva som nå kan skje. Kva vi nå risikerer. Vi er mange som lenge har vore bekymra for kva konsekvensane lakseskatten og det generelle skattepresset vil ha for havbruksnæringa sin framtidige evne til utvikling, innovasjon og berekraftig vekst. Vi har òg frykta at Norge sin posisjon som verdsleiande innan havbruk og leverandør-industri nå skal forvitre, og at kapital, aktivitet og arbeidsplassar vil bli borte frå kysten.

Spørsmålet er om vi alt nå ser ein annan konsekvens fleire òg har advart mot; at fleire og fleire små og mellomstore familieselskap vil forsvinne. I så fall vil siste rest av truverdet til Arbeidarpartiet og Senterpartiet òg forsvinne.