Økt støtte til Ukraina

Nyheter
440

Statssekretærane Dilek Ayhan og Amund Drønen Ringdal i Nærings- og fiskeridepartementet gjesta tysdag Kiev saman med blant andre statsminister Erna Solberg og EU-minister Vidar Helgesen. Formålet med vitjinga var å styrkje det bilaterale forholdet mellom Noreg og Ukraina og å vise støtte til Ukraina i den vanskelege situasjonen landa er i, skriv departementet i ei pressemelding.

Ein norsk-ukrainsk næringslivskonferanse samla meir enn 200 deltakarar. Med begge landa sine statsministrar til stades, skreiv statssekretær Ayhan og motparten hennar, viseminister Piatnitski, under ein avtale om etablering av ein kommisjon for handels-, næringslivs- og økonomisk samarbeid.

– Det er eit steg i riktig retning for utviklinga av dei økonomiske relasjonane med Ukraina at vi no har etablert ein arena for regelmessig kontakt mellom styresmaktene i dei to landa. Næringslivet, og særleg sjømateksportørane, har etterspurt ei slik plattform, seier statssekretær Dilek Ayhan.

Sjømathandel stod på dagsorden for statsministeren i møta hennar med statsminister og president og statssekretær Amund Drønen Ringdal har hatt møter med formannen i Fiskeribyrået og økonomiministeren i Ukraina.

– Sjømat står for 85 prosent av norsk eksport til Ukraina og frå norsk side har vi teke opp spørsmål knytt til utfordringar for sjømathandelen, seier Ringdal.

I samband med gjesta blei det også gjennomført eit fyrste møte i kommisjonen, leia av statssekretær Ayhan frå norsk side og viseminister Piatnitski frå ukrainsk side, der handelsfasilitering og anna økonomisk samarbeid stod på dagsordenen.

– Kommisjonen er no formelt etablert og vi ser fram til å begynne det praktiske samarbeidet for å leggje til rette for meir omfattande og betre samarbeid, seier Ayhan.