Ocean Quality blir Sjór

Nyheter
1109

Eksportselskapet til Seashore-konsernet endrar namn.

«Sjøen, eller Sjór på norrønt, har gjeve næring og matgleder til generasjonar. Moderne
havbruksmetodar tek dette vidare, og sikrar oss tilgang til ferske delikatesser frå havet. Sjór skal tilby kundane sjømat i verdsklasse», skriv selskapet i ein pressemelding.

Som del av Seashore-konsernet, skal Sjór halde fram med å selje Bremnes Seashore sin laks til kundar i heile verda. Samstundes tilbyr selskapet nettverk og salskunnskap for andre norske oppdrettarar.

– Bremnes Seashore har bygd opp sterke merkevarer som SALMA og BÖMLO, som me veit kundane våre set stor pris på. Med Sjór legg me grunnlaget for å styrka kvalitetsprodukta våre i marknaden. Me skal vidareutvikla marknadsarbeidet saman med våre flinke tilsette i Sjór, som har bygd opp sterke kunderelasjonar gjennom ti år, seier konsernsjef Olav Svendsen.
 
Bremnes Seashore sin produksjonen skjer ved 23 oppdrettsanlegg og tre settefiskanlegg  i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland. Selskapet produserer 500.000 laksemåltid kvar dag frå prosess- og foredlingsanlegg i Kvednavikjo i Bømlo kommune.