Nytt smoltanlegg vil auke effektiviteten for Nordfjord Laks 

Nyheter
0

Første byggesteg står klart med fisk i tankane i den nye smoltsatsinga til Sande Settefisk på Rygg i Gloppen. Planen er å gjere ei effektiv drift endå meir effektiv. 

Prosjekteringa av andre byggesteg er i gang og planen er å byrje bygginga i haust. Med normal framdrift kan det andre bygget stå klart mot slutten av 2022. Satsinga har eit totalbudsjett på 250 millionar kroner, noko som gjer det til ei stor industrisatsing i Gloppen kommune. 

– I dag produserer vi 2.000-2.500 tonn slaktefisk i året på to konsesjonar med 780 tonn MTB kvar. Så vi har allereie god utnytting. No står fisken i sjø 14-20 månader. Med smolt opp i storleikar på 200-500 gram kan vi redusere tida i sjø til under eitt år. I tillegg kan vi produsere større fisk. Vi vil kunne produsere meir med dei konsesjonane vi har, samstundes som vi reduserer eksponeringa mot lus og sjukdom. Vi får utnytta lisensane betre, og har sjølvsagt kalkulert med at investeringa skal vere lønsam, seier dagleg leiar i Nordfjord Laks Svein Klævold.

Rugsund-mannen har tidlegare vore styreleiar i selskapet i ei årrekke, og tok nyleg over dagleg leiing då Leiv Slagstad ønskte å gå av. 

Anlegget til Sande Settefisk sett frå fjorden. Andre byggesteg kjem på tomta framfor det grå nybygget. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Til Nordfjord Laks og Svanøy Havbruk
Med det ferdige anlegget kan Sande Settefisk auke produksjonen frå ein til fem millionar smolt, slik iLaks tidlegare har omtalt. Dei skal produsere både laks og regnbogeørret. 

Men først når det såkalla postsmoltbygget er ferdig vil dei kunne produsere dette volumet. Med dagens anlegg vil produksjonen vere kring to millionar fisk årleg. Storleiken i dag er 150-200 gram, ifølgje dagleg leiar Tom Wilke i Sande Settefisk. 

Klævold seier det meste av smolten går til eigen produksjon i sjøanlegg gjennom eigne konsesjonar. Sande Settefisk er eigd av Nordfjord Laks Holding, Hyen Fisk Holding og Svanøy Havbruk med om lag ein tredel kvar. Det er i første rekke to aktørar i eige system smolten skal seljast vidare til. Svanøy skal ha ørret, Nordfjord Laks både laks og ørret 

Haneholmen ved ferjekaia på Anda er ein av lokalitetane til Nordfjord Laks. Smolt frå Sande Settefisk blir sett ut her. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Det som måtte bli av overskot av fisk, vil bli selt i marknaden. Sjølv om mange aktørar no gjer det på same måten med eigne smoltanlegg på land, er det god etterspurnad etter stor smolt. I år kunne vi selt alt vi produserer etter kvart, seier Klævold. 

4.000 kvadratmeter nybygg
Det er totalt åtte kar med diameter på seks meter i første byggefase som er ferdig no. I byggefase to blir det seks 15-metringarNeste bygg blir tre gongar så stort som det første. Byggefase to blir kring 3.000 kvadratmeter. Dette bygget skal ligge ved sidan av det første, ned mot fjorden. I hovudsak står lokale entreprenørar står for utbygginga. 

Nordfjord Laks har to matfiskkonsesjonar i Gloppen. Desse er fordelt på lokalitetar på Kleppenes og Lindenes i Hyefjorden og ved Haneholmen i Nordfjorden. I tillegg har dei ein samdriftslokalitet med Nordfjord Forsøksstasjon/Eide Fjordbruk på Hundvik. 

I dag produserer Sande Settefisk smolt opp til 150-200 gram. Det er eit stykke dit for denne. Foto: Jørn-Arne Tomasgard