Nytt overvakingsprogram skal gi betre forvaltning

Nyheter
458

Totalt er 140 vassdrag over heile landet blitt overvaka og resultatet viser at innslaget av rømt oppdrettslaks er lågt til moderat i 85 elver, høgt i 29 elver, medan det i 26 elver ikkje var grunnlag for å vurdere innslaget av kor mykje rømt fisk det var, melder Fiskeridirektoratet.

Vassdrag på Vestlandet har relativt sett størst innslag av rømt oppdrettslaks.

Les også: Høyt innslag av oppdrettslaks i noen elver

Avbøtande tiltak
— Dette er positivt for både forvaltninga, villaksen og oppdrettsnæringa. For første gong får vi eit systematisk og kvalitetssikra system som seier noko om kor mykje oppdrettslaks det er i eit stort utval av norske vassdrag. Vi skal no få samla så mykje kunnskap og oversikt at vi kan sette inn så gode avbøtande tiltak som mogeleg når situasjonen tilseier det, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Tanken er at midlar over miljøfondet, som oppdrettsnæringa har etablert, mellom anna skal brukast til meir målretta tiltak for å redusere innslaget av rømt oppdrettslaks i utvalde vassdrag.

Dialog
Fiskeridirektoratet ynskjer å bruke kunnskapen til å skape betre dialog mellom ulike interesser, både oppdrettsnæringa, villaksinteressane og andre tilknytta aktørar, og på den måten vidareutvikla norsk havbruksforvaltning.

— Målet er å redusere den negative påvirkninga som rømt oppdrettslaks kan ha i våre vassdrag, seier Holmefjord.

Undersøkelsen av vassdraga er utført på oppdrag av Fiskeridirektoratet med ei forskningsgruppe nedsatt i 2014 under leiing av Havforskningsinstituttet, og der også NINA, Rådgivende Biologer AS, UNI Research Miljø og Veterinærinstituttet har deltatt.

I tillegg har ei rekkje privatpersonar og organisasjonar bidratt med data og materiell frå ulike elver.

Dei 140 vassdraga er valt ut frå eit sett av kriterier der mellom anna nasjonale laksevassdrag skulle inkluderast, god geografisk spreiing og bruk av eksisterande opplysningar frå vassdrag med tidsseriar og gode lokale nettverk.