Nytt konsept innan handtering av slam

Nyheter
1277

Jan Henning Legreid og Hans Runshaug i Blue Ocean har utvikla eit heilt nytt konsept innan handtering av slam frå settefiskproduksjon og produksjon av storsmolt i saltvatn.

Kvifor gjere det vanskeleg og dyrt, når det kan gjerast enkelt og rimeleg?

Det spørsmålet stilte dei to gründerane i Blue Ocean seg for ein del år sidan. No har dei utvikla eit system som kan reinse utslepp frå produksjon av settefisk på ein kostnadseffektiv, driftsvenleg og miljøvenleg måte.

Avfall frå havbruksproduksjon har vore mykje i fokus i seinare tid. Det handlar i utgangspunktet om at ein ikkje ønskjer å sleppe slam rett ut i naturen, men i tillegg har ein også funne ut at det vi tidlegare har omtala som forureinande avfall, kan reinsast og nyttast til noko fornuftig.

Rimeleg, driftsvenleg og miljøvenleg
Jan Henning Legreid og Hans Runshaug i Blue Ocean lansera no ein rimeleg, driftsvenleg og miljøvenleg måte å gjennomføre prosessen på.

Ved hjelp av ein industrielt produsert filtermasse, som er unik i sitt slag, kan selskapet reinse utslepp frå settefiskproduksjon og storsmolt i saltvatn, utan store kostnadar for produksjonsbedriftene.

Mellom anna så er straumforbruket svært lågt ved bruk av det nye reinsesystemet til Blue Ocean, gjennomsnittleg 5 kilowatt.

-Når målet er å få til ei rimeleg og miljøvenleg løysing, er det heilt unødvendig å bruke ressursar på å tørke produktet mest mogeleg, spesielt sidan dette ikkje er avgjerande for korleis slammet kan nyttast i ettertid. Vi har jobba for å utvikle eit system som sparer miljøet og gjev låge driftskostnadar, på same tid som produktet blir optimalt for etterbruken, seier Jan Henning Legreid.

Kostnadene ved å tørke slammet slik at det gjev 90 til 95 prosent tørrstoff er mange gangar høgare enn dei ekstra kostnadane du får ved å levere eit våtare produkt.

Eit typisk tørkeanlegg brukar frå 50 til 150 kilowatt straum.

Årleg blir det mellom 440.000 og 1.230.000 kilowatt, noko som inneber  utgifter frå 350 000 til 900 000 kroner, for å spare ei leveringsavgift på rundt 100 000 kroner.

Enkel prosess
Kort fortalt handlar dette om at det spesielle organiske filteret reinsar avfallsvatnet som kjem ut frå trommelfilteret på settefiskanlegget, etter at de største partiklane er tatt ut i ein separator.

Dette skjer ved at det absorbera det organiske innhaldet, som blir til ein ferdig filtrert og reinsa masse. I praksis inneber det at ein samlar opp slam frå settefisk- og postsmoltanlegga og reinsar det raskt og energieffektivt.

Ein bi-effekt når ein bruka denne filtermassen er at den absorberer gass og lukt, slik at slammet er tilnærma luktfritt og uproblematisk å mellomlagre.

Alternative bruksområde
Den organiske filtermassen som blir igjen etter reinseprosessen kan brukast på fleire måtar.

Ifylgje Legreid er det i dag billegast og enklast å levere direkte til kompostanlegg eller jordforbetringsanlegg. Då blir det oftast brukt til hageanlegg, parkanlegg, vegskuldrar, plenar eller gartneri.

Dette er ei ukomplisert løysning som gjer det enkelt å komme i gang med slamutvinning og reinsing. Når volumet aukar, kan ein ha planane klare for andre løysingar.

Energigjenvinning med fosforuttak
Ein alternativ måte å bruke den organiske filtermassen på, er å levere til biogassanlegg.

Det vil i praksis krevje større mengder slam, men ein kan produsere biogass, på same tid som restproduktet kan gå til gjenvinning av fosfor, noko som vil bli eit meir og meir ettertrakta produkt.

Her har Blue Ocean valt ei løysing som også kan ta hand om smitteavfall og sjuk fisk.

Samarbeid gjev kostnadsreduksjon
For å få nok masse for ein drivverdig biogassproduksjon kan ein vere avhengig av at fleire selskap samarbeida og leverer til eit felles anlegg, og dersom ein får til ei god organisering rundt dette, kan kostnadene haldast nede.

I biogassproduksjon vil ein helst ikkje ha meir enn 30 prosent tørrstoff, så dei to gründerane lurer på kvifor mange trur at det er så viktig å få slammet tørrast mogeleg. Det aller beste er at flest mogeleg anlegg baserer seg på same teknologi, for å snarast mogeleg nå kritisk masse for effektiv gjenbruk av slammet.

-Dersom kunden ønskjer meir tørrstoff frå slammet, kan vi sette på fordyrande tilleggsutstyr i bakkant av filtreringa, men kvifor det, så lenge dette er unødvendig for etterbruken, spør Legreid.