Nytt i forvaltningsretten – krav om skuld for administrativ sanksjon mot føretak

Meninger
0

Regjeringa fremja 8. april ein proposisjon til Stortinget (Prop. 81 L (2021-2022)) om endringar i reglane for administrative sanksjonar mot føretak. Endringane er relevante for havbruksnæringa, fordi det kan endre tersklane for overtredelsesgebyr etter ulike særlover.

I dag er hovudregelen slik at eit føretak kan få ein administrativ sanksjon etter forvaltningslova § 46 sjølv om det ikkje kan påvisast subjektiv skuld hos enkeltpersonar som har handla på vegne av føretaket. Dette inneber at ansvaret er objektivt.

På bakgrunn av nyare rettspraksis i EMD og Høgsterett er det skapt usikkerheit knytt til om det er i tråd med straffeomgrepet i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) å oppretthalde det objektive ansvaret for administrative føretakssanksjonar.

Fakta

Bjørdal er tidl. stortingsrepresentant i finanskomiteen (Ap), og medlem av Advokatforeningens lovutvalg for forvaltningsrett. Han jobber med havbruk og offentlig rett som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.

Med dette forslaget til lovendring vert det derfor innført eit krav om skuld (alminneleg aktløyse), med mindre noko anna er bestemt i særlovgiving. På denne måten skal lovverket betre følgje opp kravet om forholdsmessigheit som følgjer av EMK. Departementet antek likevel at lovendringa ikkje vil få store praktiske konsekvensar. Mellom anna blir det vist til at særleg i spørsmål om å sanksjonere brot på reguleringslovgiving som gjeld utøving av næringsverksemd, vil det vere ei streng aktsemdsnorm.

Dette inneber at føretak som driv økonomisk aktivitet, framleis må vere godt kjende med regulatoriske forhold som gjeld verksemda, og det skal lite til å slå fast aktløyse dersom ein ikkje overheld slike normer og reglar. Hendelege uhell og force majeure-hendingar vil framleis vere unntatt administrative sanksjonar.

Samtidig er det liten tvil om at det vil vere ein fordel for havbruksnæringa med meir konsistens og harmoni i regelverket. Næringa må i dag forholde seg til ulike skuldkrav. For overtredelsesgebyr etter dyrevelferdslova er det allereie i dag krav om skuld, medan det er objektivt ansvar etter akvakulturlova. Det er no grunn til å rekne med endringar i særlovgivinga der det er nødvendig, for å sikre at hovudregelen om skuldkrav blir gjeldande på tvers av lovverket, med mindre det er særlege grunnar til noko anna.

Normalt vert saker som kjem til Stortinget før påske behandla i vårsesjonen før sommaren, noko som kan innebere at lovendringa trer i kraft i løpet av året. Basert på innspela i høyringsrunden i forkant av proposisjonen, som i all hovudsak støttar eit skuldkrav, ligg det an til at forslaget frå regjeringa òg i det vesentlege vil få støtte i Stortinget.