Nytt gjenbruksanlegg for fiskeemballasje etablert ved Ørsta

Nyheter
981

Vartdal Plast heldt i dag den offisielle opninga nytt anlegg for komprimering av EPS på Liadal i Ørsta kommune.

Ordførar Stein Aam stod for den høgtidelege snorklippinga fremfor om lag 60 frammøtte. For Vartdal Plast markerer dette første steg i ei satsing for å få avfall av EPS, på folkemunne kalla Isopor, tilbake i loopen som nye plastprodukt.

Vartdal Plast har i mange år brukt kapp frå eigen produksjon tilbake i produksjonen av byggisolasjon. Slik har alt av EPS-kapp frå eigne anlegg blitt gjenbrukt. EPS er i Noreg blant fraksjonane med høgst grad av gjenvinning. Likevel har Vartdal Plast over lenger tid registrert at mykje av den «vanskelege» EPSen ikkje blir materialgjenvunne, men blir sendt til forbrenning. Dette gjeld til dømes kapp frå byggejeplassar, emballasjekasser frå anlegg som ikkje komprimerer sjølve og EPS som til dømes blir brukt for å emballere møblar og elektriske artiklar.

Det grøne skiftet
Bakgrunnen for satsinga er at Vartdal Plast ønskjer å bidra sterkt inn mot det grøne skiftet. Dagleg leiar Jan Endre Vartdal er overtydd om at produkta som selskapet produserer om ikkje mange år vil vere laga av 100 prosent resirkulert plast.

– Plast er eit fantastisk materiale med unike eigenskapar, men vi som bransje må ta vår del av ansvaret når det gjeld å sikre at plasten kjem inn i den sirkulære loopen og får nytt liv som nye plastprodukt, seier Jan Endre Vartdal, og held fram: – I tillegg treng vi føreseielege rammer frå dei som styrer, for å sikre at og då vil vi sjå at utviklinga skyt fart.

Miljøstiftelsen Zero og EPS-foreningen har vore bidragsytarar inn i prosjektet, og det er store forventningar til at prosjektet skal skape gode resultat. Med den geografiske plasseringa som Vartdal Plast har over heile landet, er selskapet open om at dei vil vurder fleire liknande anlegg andre stader, dersom ein ser at det blir grunnlag for det.

Sirkulære økonomien
– Vi er overtydde om at dette er eit viktig bidrag inn i den sirkulære økonomien, seier 
Jan Endre Vartdal.

– Det vi gjer er å samle inn all EPS vi kan få fatt i ved hjelp av vår store bilpark på snart 70 vogntog. Etter at bilane våre har henta EPS på miljøstasjonar, utvalde byggjeplassar og opphentingspunkt og levert til anlegget vårt på Liadal, set vi i gang jobben. På Liadal knuser og komprimerer vi EPSen. I praksis betyr det at vi tar lufta ut av EPS-kulene (som i ekspandert form består av 98 prosent luft og to prosent plast) og lagar blokker av komprimert EPS. Desse blokkene vert stabla på pallar og seld til plastprodusentar eller råvareprodusentar, der den komprimerte EPSen vert smelta om til PS-granulat. Desse kan brukast til mange ting, blant anna til isolasjonsplater eller til andre plastprodukt.

– Komprimert EPS kan også brukast til å lage nytt EPS-råstoff. Målet på sikt er å bli 100 prosent sirkulære og lage vårt eige råstoff av EPSen vi samlar inn – for ei berekraftig framtid, avsluttar Vartdal.