Christian Hatlem Skår (30) er frå 1.mai tilsett som prosjektleiar i Akvahub. Saman med dagleg leiar Asbjørn D. Løland skal dei vidareutvikle Akvahub sin aktivitet med base i Leirvik i Ytre Sogn.
Hatlem Skår kjem frå Firda Seafood der han har vore skipper/fartøysansvarleg og prosjektansvarleg for planlegging og ombygging av avlusingsfartøyet «Firda Fighter». Hos Firda hadde han også ansvar for ombygginga av brønnbåten «Rofisk» til stun-and-bleed fartøyet «Firda Savior» ved Aas Mekaniske Verksted. Før dette arbeidde han som styrmann, Marine Advisor og skippar for henhaldsvis Solstad Offshore, Odfjell Drilling og Notmann.
– Eg blir motivert av utfordringar, og kunne ikkje sei nei då eg fekk denne moglegheita. Firda Seafood har vore ein super arbeidsplass med masse flinke folk som jobbar innovativt og med fokus på verdiskaping. No ser eg fram til å jobbe endå meir spissa mot innovasjon, berekraft og miljø saman med Akvahub sine eigarar, seier Christian Hatlem Skår.
Som sjøkaptein med bachelor i nautikk og snart ti års erfaring frå både prosjektleiing og praktisk utføring og problemløysing frå olje- og havbruksnæringa, får Akvahub no tilført ny kompetanse med stor synergi inn i eksisterande prosjekt.
– Dette er perfekt match for Akvahub i denne fasen av etableringa. Christian tilfører høg teknisk kompetanse og kan sendast rett i felten for både prosjektleiing og for praktisk gjennomføring. Eg ser verkeleg fram til at han byrjar og at vi kan kople teoretisk tilnærming med dei tekniske erfaringane han har opparbeidd seg», seier dagleg leiar Asbjørn Dyrkorn Løland.
Arbeidsoppgåvene vil i første omgang vere å bidra med sin kompetanse inn i dei eksisterande prosjekta som Akvahub er involvert i. Ein viktig faktor i tilsetjinga er at dette også medfører nye moglegheiter for Akvahub som kan utvide rolla si og engasjere seg i fleire og andre typar prosjekt for eksisterande og kommande eigarar.