Fortsatt langt over Stortinget sin kostnadsramme.
Kystverket har oppdatert kostnadsramma for Stad skipstunnel på 8,6 milliardar kroner. Det tidlegare anslaget var på 9,4 milliardar kroner.
– Kostnadsanslaget er framleis godt over det Stortinget har vedteke, sjølv om det er blitt noko lågare. Det viser at prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedteke, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss til NRK Vestland.
Stortinget har vedteke ei kostnadsramme på 5,4 milliardar kroner for bygging av skipstunnelen. Regjeringa stansa arbeidet i forslaget til statsbudsjett for 2026 fordi det blir for dyrt.






