Ny organisering av salsselskapa i Bremnes Seashore-konsernet

Nyheter
0

Sidan starten på 2021 har sals- og eksportselskapet Sjór vore heileigd av Bremnes Fryseri og ein integrert del av Bremnes Seashore-konsernet. Sjór har levert sterke resultat i ei tid der verdssituasjonen har gitt store utfordringar for både sal og logistikk.

Salmon Brands står for sal og marknadsføring av SALMA i Noreg og utvalde eksportmarknader. Dei siste åra har volumet av SALMA-produkt auka betydeleg, i tråd med at forbrukarane i stadig større grad etterspør foredla og forbrukarpakka produkt av sushi-kvalitet.

«Bremnes Seashore-konsernet arbeider for å styrke samhandlinga mellom dei ulike selskapa i konsernet, der vår samla sals- og marknadskompetanse skapar meirverdi av våre kvalitetsprodukt og sterke merkevarer SALMA og BÖMLO. No opprettar vi stillinga som kommersiell direktør i konsernet. Kommersiell direktør skal leie salsselskapa Sjór og Salmon Brands, samtidig som stillinga er ansvarleg for utviklinga av sals- og marknadsstrategien vår. Salmon Brands og Sjór vil fortsette som sjølvstendige selskap, medan vi opprettar ei felles leiargruppe for marknadsarbeidet,» skriv selskapet i ei melding.

Emil Rognstad Østenfor. Foto: Bremnes Seashore

Med verknad frå i dag er dagleg leiar i Salmon Brands, Emil Rognstad Østenfor, konstituert som kommersiell direktør – frem til posisjonen er fylt permanent. Som del av dette fungerer Østenfor også som dagleg leiar i Sjór.

Hans Petter Berge har meldt frå til selskapet at han ønsker å trappe ned aktiviteten, men vil bidra aktivt i overgangen til ny samla leiing.

«Vi takkar Hans Petter for å ha leia overgangen frå Ocean Quality til Sjór og innlemminga av selskapet i Bremnes Seashore-konsernet på ein svært god måte,» skriv selskapet vidare.