Ny økonomisjef på plass hos Firda Seafood Group

Har tilsett Stian André Tolleshaug som ny CFO.

“Det nye året har starta med skikkeleg fin vinter på Byrknesøy, og vi nytta sjansen til å vise rundt vår nye CFO, også på taket av Martin E. Birknes,” skriv Firda Seafood Group på Facebook.

Den nye økonomisjefen heiter Stian André Tolleshaug. Han har røter i Gulen, der Firda Seafood Group held til, og kjem frå stillinga som økonomisjef i Tide Buss.

“Vi er glade for å ha fått han med på laget, og for å kunne vise han solcelleanlegget som skal produsere straum på taket. Det har vore gjort ein stor jobb med å montere det, og ikkje minst med å måke snø etter det uvanleg store snøfallet vi hadde rundt sist helg,” fortset Firda på Facebook.

Tolleshaug har óg meldt om jobb-skiftet på sin LinkedIn-profil, der han skriv at han gler seg til å bli ein del av teamet.

Les også: Går fra Osland til Firda