Har tilsett Stian André Tolleshaug som ny CFO.
«Det nye året har starta med skikkeleg fin vinter på Byrknesøy, og vi nytta sjansen til å vise rundt vår nye CFO, også på taket av Martin E. Birknes,» skriv Firda Seafood Group på Facebook.
Den nye økonomisjefen heiter Stian André Tolleshaug. Han har røter i Gulen, der Firda Seafood Group held til, og kjem frå stillinga som økonomisjef i Tide Buss.
«Vi er glade for å ha fått han med på laget, og for å kunne vise han solcelleanlegget som skal produsere straum på taket. Det har vore gjort ein stor jobb med å montere det, og ikkje minst med å måke snø etter det uvanleg store snøfallet vi hadde rundt sist helg,» fortset Firda på Facebook.
Tolleshaug har óg meldt om jobb-skiftet på sin LinkedIn-profil, der han skriv at han gler seg til å bli ein del av teamet.
Les også: Går fra Osland til Firda