Ny dagleg leiar i Osland Settefisk

Nyheter
745

Kjetil Rørtveit tek over som dagleg leiar i Osland Settefisk frå 1. august.

– Erik Osland har vore dagleg leiar for Osland Settefisk frå 2011 og framtil no, men overlet no den dagleg leiinga av Osland Settefisk til Kjetil. Dette gjer han slik at han sjølv kan få meir tid til å utvikle resten av Osland-systemet, skriv selskapet i en pressemelding.

Ifølgje Osland Settefisk vaks Rørtveit opp på Osland, med fiskeoppdrett som næraste nabo, der han hadde sommarjobb på anlegget. Etter vidaregåande i Høyanger var interessa for fiskeoppdrett framleis stor, og han gjekk vidare på distriktshøgskulen i Sogndal, der dei den gong hadde akvakulturutdanning.

I 1993 vart Rørtveit tilsett på settefiskanlegget på Sørebø, som den gong heitte Sogn Marine Farm. Her tok han fagbrev i akvakultur og vart etter kvart driftsleiar for anlegget i 2000 når Marine Harvest, no Mowi, overtok anlegget.

– Settefiskanlegget på Sørebø har hatt vekst og utvikling heilt i frå starten av 1991 og fram til 2011 då det vart ein del av Osland-systemet, skriv selskapet.

Då Osland tok over i 2011 vart det eit taktskifte og utviklinga skaut fart. Gjennomstrøymingsanlegget vart oppgradert med større kar og moderne løysingar på fôring, vassbehandling, vaksinering- og sorteringsutstyr.

– RAS-teknologien inntek settefisknæringa i landet og Kjetil ivra for å få bygt eit toppmoderane RAS-anlegg på Sørebø. Med Osland sin innovasjonsvilje let dette seg realisere, og 1. juni 2016 opna vi Sørebøhallen, eitt av dei mest moderane settefiskanlegga i landet, heter det i pressemeldingen.

Selskapet gjekk deretter raskt i gong med å planlegge ein ny RAS-hall. Den nye hallen, Kloven, var klar til oppstart denne våren.

I tillegg til anlegget på Sørebø består Osland Settefisk av endå eit settefiskanlegg, Sygna, lokalisert på Leikanger.