Ny analyserapport sammenligner lukkede og åpne anlegg: Vanskelig å forsvare forskjellen i investeringsbeløp

Nyheter
2070

En økonomisk analyserapport, ført i pennen av de to SNF-forskerne Trond Bjørndal og Amalie Tusvik, har studert forskjellene mellom alternative produksjonsformer innen lakseoppdrett. 

Studiet er gjennomført av NTNU Ålesund i samarbeid med SINTEF Ocean og SNF. Analysen er finansiert av Fiskeri og Havbruksnæringas Forskningsfond (FHF).

«Prosjektet omfattar analyser av moglege konsekvensar av å flytte eksisterande og framtidig produksjon av laks til lukka landbaserte system, samt ved utbygging av kapasitet for storsmoltproduksjon til påvekst i sjø. Resultata skal gje eit fagleg grunnlag til debatten om oppdrett i lukka system og framtidig utvikling av næringa. Denne rapporten presenterer økonomiske analysar. Som del av same prosjekt, gjennomførte SINTEF Ocean tekniske og
biologiske analysar.»

Konkurransedyktig
Kostnadsanalysen tar utgangspunkt i et anlegg som er større skalert enn noen av dagens operative landanlegg.

«Kostnadsanalysen for landbasert oppdrett av matfisk tek utgangspunktet i eit anlegg med produksjonskapasitet på 6 000 tonn. Analysen er basert på ein likevektssituasjon der produksjonen skjer utan vidare uhell. Dette som ein viktig føresetnad for å analysere om produksjonskonseptet kan vere konkurransedyktig i marknaden. Produksjonskostnad er estimert til kr 43,60 per kg,» heter det i den 107 sider lange rapporten.

I studiet legges det ikke skjul på at lukkede oppdrettsanlegg, på land og til vanns, fortsatt er på tidlige stadier.

«Ettersom lukka anlegg framleis er på utviklings- og konseptstadiet er det mest teknologiske vyer og investeringsvilje som set grenser for korleis ein kan tenkje seg slike anlegg i framtida. Ei oversikt over utviklingskonsept og utprøving av lukka anleggsdesign indikerer solies monaleg variasjon i konsept og føresetnader for teknologi, skala, utforming og driftsfunksjonar. Å gjere ei generell økonomisk analyse av lukka anlegg er dermed vanskeleg, ettersom det er stor uvisse om både investeringar, produksjonsvariablar, kostnadar og kostnadsdrivarar i drift. Det er elles uvisst korleis selskap i næringa i praksis vil implementere lukka anlegg i sine driftsplanar.»

Vanskelig å forsvare
En av konklusjonene er at lukkede anlegg så langt koster mer enn det smaker.

«Resultata av kostnadsanalysen for lukka oppdrett viser at lukka produksjon gjev høgare produksjonskostnad enn tradisjonelt oppdrett som fylgje av store investeringar og auka driftskostnadar. Med dei føresetnadene om investeringar som vert lagt til grunn for full produksjonssyklus i lukka anlegg finn ein at det vil vere vanskeleg å forsvare skilnaden i investeringsbeløp, med mindre ein opplever heilt spesielt krevjande utfordringar som ein kan adressere ved overgang til lukka produksjon. For lukka merdanlegg med full syklus kjem ein fram til ein produksjonskostnad på kr 37,90/kg. Til samanlikning er estimert produksjonskostnad for open merd utan avlusing kr 28,00/kg og kr 33,80/kg ved 10 avlusingar.»

Kommersielt
Så langt har næringen primært satset på lukkede oppdrettsanlegg i form av produksjonsanlegg for stor smolt, såkalt postsmolt.

«Med utsett av 100-grams settefisk til ei lukka eining og vidare påvekst fram til slakt vert syklusen for lang og snittvekta/snitt-tettleik per eining for låg til at dette er økonomisk. Ein vil difor truleg vurdere andre produksjonsmodellar ved bruk av denne typen anlegg – anten med utsett av større settefisk eller eventuelt som mellomstasjon for produksjon av postsmolt til vidare påvekst opne merdar. På den måten kan snittvekta på biomassen i anlegget verte høgare, omlaupssnøggleiken større og ein får større produksjon og kapasitetsutnytting per kubikk. I eit scenario som er analysert med kombinert lukka og open produksjon finn ein at produksjonskostnaden vert kr 32,60/kg som er monaleg lågare enn for full syklus i lukka anlegg (også her er kapasitetsutnytting eit problem, ettersom anlegget ikkje har fisk mykje av tida). Det står att å sjå om lukka einingar i sjø vil verte tekne i bruk kommersielt og finne sin plass i oppdrettsselskapa sine produksjonsplanar. Potensielt kan lukka anlegg opne for betre høve til å levere settefisk av ønska storleik til ønska tid, å korte ned eksponeringstida i opne anlegg og å auke utnytting og omlaupssnøggleiken ved matfisklokalitetane.»

«Risikoanalysen viser at landbasert oppdrett kjem an på god koordinasjon mellom biologi, teknologi, kjemi og økonomi. RAS-teknologi kan opne for både høve og utfordringar i dette kryssingspunktet, og ein ser ut til å vere på eit stadium i læreprosessen der både teknologi og biologi vil halde fram med å vere i utvikling, medan viktige relasjonar mellom vasskjelder, teknologi og biologi i aukande grad vert kartlagt og forstått.»

Hele rapporten kan leses her.