No er det fisk i Egget

Nyheter
0

Etter ti år med planlegging og i det siste hektiske veker med førebuingar, var endeleg både fisk, folk og Egget klart.

Søndag 9. oktober blei den første fisken satt inn i det lukka oppdrettsanlegget Egget.

Dei nyinnflytta er 50.000 sølvblanke 150 grams laksesmolt. Fisken kjem frå Eik Settefisk, og har blitt servert supersmolt-fôr dei siste vekene.

Det var ein spent velkomstkomité som tok imot den første fisken. Smolten virra litt rundt i starten, men det tok ikkje lang tid før den starta å stime langs kanten, som vi håpa på.

– Dette er ein merkedag for oss som arbeider med egg-teknologien. Å koma hit har ikkje gått knirkefritt. Desto større er det når denne milepålen er nådd, seier ein oppglødd Cato Lyngøy i ei melding.

Rostein sin brønnbåt «Robris». Framover er det Øyvind Våge og hans team i Prophylaxia på lokalitet Gjermundnes som skal drifte Egget saman med Ovum.

– Dette er proof of concept i praksis. No får vi bekrefta om det vi har tenkt stemmer, både biologisk, teknisk og kommersielt, seier Siri Vike og Trond Severinsen, som var til stades frå leiinga i Ovum.

Foto: Thomas Morel