Myklebust Verft: – Vi ser eit taktskifte

Nyheter
0

Myklebust Verft har lagt bak seg eit år med høg aktivitet og mange prosjekt.

Det er mellom anna gjennomført og sluttført to nybyggingsprosjekt og to større ombyggingar i kombinasjon med annan ettermarknadsaktivitet i 2022. Dette har resultert i god utvikling innan alle segment og gir eit driftsresultat på 105 millionar kroner. Resultat før skatt enda på 100,9 millionar kroner.

– Vi velger å sjå dei to siste åra i samanheng. Etter eit tøft år i 2021 er det svært gledeleg og viktig for Myklebust at ein lukkast å levere eit godt resultat i 2022. Betre prosjektgjennomføring, systereffekt og ikkje minst stor innsats frå våre tilsette er viktige element som har gitt resultatforbetring gjennom fjoråret, seier konstituert dagleg leiar Leiv Sindre Muren.

To år i samanheng
Totalt hadde verftet 22 større og mindre prosjekt i løpet av fjoråret. Omsetninga enda på cirka 1.284 millionar kroner og representerer marknadsområda nybygging, ombygging og vedlikehald, som verftet strategisk ønskjer å operere i.

– Vi hadde gjennom fjoråret høg aktivitet og opp mot 700 personar inne på verftet i dei mest hektiske periodane. Vi har utnytta kapasiteten godt og vi er fornøgd med at vi denne perioden også har fått gjort reperasjonar og vedlikehald til nye og trufaste kundar som vender tilbake, seier Muren.

I konsernrekneskapen for Myklebust Verft Invest, er årsrekneskapen i vesentleg grad påverka av den operasjonelle aktiviteten i Myklebust Verft. Konsernrekneskapen for 2022 enda med eit resultat på 105,2 millionar kroner før skatt.

Aktivitetsnivået frå 2022 har verftet tatt med seg inn i 2023. I april gjennomførte verftet mellom anna dåp og ope skip for sitt nybygg nummer 78, «Ronja Silver», som i etterkant er overlevert til Sølvtrans. Dette er den andre brønnbåten til Sølvtrans frå verftet.

«Ronja Silver». Foto: Myklebust Verft

Ei av Europas største miljøombyggingar
I tillegg har Myklebust i starten av mai levert tilbake Hurtigruteskipet «Kong Harald» etter å ha gjennomført ei av Europas største miljøombyggingar. Tilsvarande miljøombygging vart ferdigstilt for Hurtigruteskipet «Richard With» våren 2022.

– Myklebust ligg an til å levere eit positivt resultat første halvår i 2023, sjølv om vi no går inn i ei rolegare periode. Vi har enkelte oppdrag i den korte marknaden, men vil også ha kapasitet til å ta større og mindre prosjekt framover.

På verftet vert det jobba med fleire konkrete nybyggingsoppdrag og ombyggingsoppdrag.

– Vi ser eit taktskifte innan vind og oljeservice, og ser optimistisk på moglege prosjekt i fleire segment, seier Muren.

Verftet har for tida cirka 130 fast tilsette. Verftet jobba systematisk med fagopplæring og har per i dag fire lærlingar og TAF-elevar på verftet.

Myklebust Verft 2022 2021 Endring
Omsetning 1.283,6 854,1 50,3 %
EBIT 105,0 -92,9 -213,0 %
Resultat før skatt 100,9 -85,9 -217,5 %
Driftsmargin 8,2 % -10,9 %
Alle tall i millioner kroner