Myklebust med ny kontrakt for Sølvtrans

Nyheter
849

Myklebust Verft har inngått kontrakt med Sølvtrans Rederi om bygging av ein ny brønnbåt.

– Dette er ein fantastisk dag for alle oss ved Myklebust Verft, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved verftet som leverte to brønnbåtar til det same reiarlaget i 2017.

– At Sølvtrans, som er verdast største brønnbåtreiarlag, vel å kome tilbake for å bygge meir hos oss er ei stor tillitserklæring. Strategisk jaktar vi på prosjekt der vi har mest muleg kjende faktorar for å redusere risiko. Derfor er det ekstra godt nytt for oss at Sølvtrans kjem tilbake og at vi kjenner både kunden, designet og teknologien i prosjektet godt, seier Hide vidare.

– Vi har svært gode erfaringar med «Ronja Ocean» og «Ronia Diamond» som vi fekk bygt på Myklebust og ser fram til å utvikle samarbeidet vidare, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

– Og så er det ekstra hyggeleg å kunne bygge ved verftet i Sande kommune der Sølvtrans-reiarlaget har sine røter, seier Halsebakk.

Den nye brønnbåten får bygg nummer 75 ved Myklebust Verft, og skal leverast i mars 2021 og er basert på Kongsberg NVC 389. Samanlikna med dei to førre brønnbåtane vi leverte til reiarlaget, er lastekapasiteten auka frå 3.200 kubikk til 4.000 kubikk. Dette har ein oppnådd ved å auke skroglengda med 7,2 meter. Skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

– I lag med våre tilsette, leverandørar, kundar, eigarar og bankar har vi lagt bak oss ei svært krevjande periode. Derfor vil nok dagens kake-feiring av denne svært viktige kontrakten smake ekstra godt, avsluttar Inge-Jonny Hide.

SIGNERT KONTRAKT: Frå venstre Roger Halsebakk og Inge-Jonny Hide. FOTO: Myklebust Verft