Multivolt får støtte til å kartlegge potensial for elektrifisering av havbrukslokalitetar

Nyheter
794

Multivolt har fått innvilga støtte på 300.000 kroner frå Marint Verdiskapingsfond til å kartlegge miljø-, klima- og økonomisk potensiale i å etablere landstraum for havbrukslokalitetar i Sogn og Fjordane.

Prosjektet skal utførast perioden 2019–2020 i samarbeid med forsking- og utviklingsavdelinga Akvahub der Multivolt er ein av eigarane. Lokalitetane som deltek i kartlegginga vil få utarbeidd ein rapport som syner potensial og investeringskostnadar ved tilknyting til-, eller oppgradering av landstraumtilførsel.

Fakta

Multivolt 
  • Totalleverandør innan elektro
  • Stifta i 2013 av gründarane Tore Bråstad og Jan Helge Lekva
  • Omsetning i 2018 på 41,7 MNOK herav ca. 30 % innan havbruksnæringa
  • Medeigar av forsking- og utviklingsavdelinga Akvahub

– Vi ynskjer å legge til rette for at oppdrettslokalitetane i Sogn og Fjordane blir dei første i landet som blir fullelektrifisert med fornybar energi frå land. Lokalitetane som ynskjer å få kartlagt potensialet sitt har no ein gylden moglegheit til å få konkrete tal på bordet mot ein svært låg eigenandel, seier Tore Bråstad, dagleg leiar i Multivolt.

Ein rapport frå Bellona og ABB syner at elektrifisering av havbruksnæringa kan bidra til kutt av klimagassar på opp mot 300 000 tonn CO2. Elektrifiseringsprosjektet til Multivolt skal omsetje dette til kva det betyr for den enkelte lokalitet i Sogn og Fjordane.

– Vi håpar at flest mogeleg nyttar denne anledninga til å få kartlagt framtidige energibehov og synleggjort potensialet som ligg i landstraum. Saman med Multivolt og oppdrettarane i Sogn og Fjordane gjev dette oss ei flott anledning til å skape ei endå meir berekraftig utvikling av havbruksnæring, seier Christian Hatlem Skår, prosjektleiar i Akvahub.

For deltaking i prosjektet oppfordar ein til å kontakte prosjektleiar i Akvahub, Christian Hatlem Skår.