Vil erstatte eksisterande oppdrettsanlegg.
Mowi har søkt om løyve til etablering av nytt semilukka produksjonsanlegg for postsmolt laks ved Vindsvik i Jøsenfjorden i Rogaland. Anlegget vil bestå av to tankar på kvar side av ein flytande lekter.
På lokaliteten er det eit eksisterande anlegg med 12 ringmerdar og fôrflåte. Ringanlegget blir fjerna når tankane er plassert på lokaliteten og omvendt, det vil si kun eitt fysisk anlegg i bruk på lokaliteten samtidig. Endringa medfører ikkje auke i produksjonsvolum, fremgår det av søknadsdokumenta til Hjelmeland kommune.Tankanlegget er omsøkt cirka 40 meter frå land, med feste i land, landgang ut og fôringsflåte. Det vil òg bli behov for oksygentank på land.
Delar av anlegget i sjø er i tråd med akvakulturformålet i kommuneplanens arealdel. Delar av anlegget i sjø behandlast som dispensasjon; med fri sone langs sjøen og forankring mot land.
Det er skissert behov for feste i land og oksygentank på nordsida av RV13. Tiltak på land behandlast som dispensasjon frå kommuneplanen. Saken blir lagt fram for Areal-og forvaltningsutvalet etter høyring.