Mistanke om stor rømming hos Bolaks

2254

Så langt er det gjenfiska om lag 600 laks etter rømminga på lokaliteten Oterstegdalen i Fusa, tilhøyrande Bolaks. Ting tyder på at det kan vere snakk om ei stor rømming.

Selskapet starta utan opphald med gjenfangst etter at rømminga vart oppdaga onsdag 31. januar og denne er no utvida.

– Førebels er gjenfangstsperioden sett til 9. februar og Bolaks har avtale med lokale fiskarar som handterer dette. Det er også etablert eit mottak på Lammaneset i Fusa, seier seksjonssjef Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet region Vest.

Det er snakk om laks mellom tre og seks kilo som har rømt frå ei merd på anlegget til Bolaks i Fusa. Måndag var tilsynspersonell frå Fiskeridirektoratet region Vest på inspeksjon på anlegget, men det er for tidleg å seie noko klart om årsaka til rømminga.

– Etter tips frå ein yrkesfiskar i nærleiken som hadde fått laks i garnet vart anlegget undersøkt med undervasskamera sist onsdag. Då vart det avdekt ei to gongar tre meter stor rivne 30 meter nede i merda. Rivna vart bøtt av dykkar, men vi veit ikkje kor lenge fisken kunne rømme før merda vart reparert. Truleg har skaden oppstått i samband med avlusing av fisk på anlegget måndag 29. januar, seier Lisæter.

Det vil bli gjort ny vurdering om iverksetting av ytterlegare tiltak når gjenfangstperioden er avslutta 9. februar.