Mindre fisk og meir penga

Nyheter
749

Nasjonalt vart det slakta ut 1.222.000 tonn laks og aure i 2016 mot 1.312.000 tonn i 2015. Største delen av forskjellen ligg i lågare slaktevekt på kvar fisk, men det er også slakta ut færre fisk i 2016. Dette skjer med ein stor prisauke som resultat.

Gode produksjonsforhold
Ei viktig forklaring bak denne utviklinga er at produksjonsforholda har vore gode langs heile kysten i 2016. Men vi har også hatt ein svakare tilvekst enn forventa ut frå temperaturforhold i perioden frå april til oktober, seier Broback under Sjømat Norge og havbruk nord sin årlege nyttårskonferanse i Tromsø.

Snittvekta på utsett smolt har auka litt, men smoltutsette låg i hovudsak på same nivå i 2016 som året før.

Meir biomasse
Ved utgangen av 2016 har vi tre prosent meir biomasse enn ved inngangen i året. Alt dette skuldast seks prosent høgare vekt på 2016 generasjonen enn på 2015 generasjonen eit år tidlegare.

– Vi forventa at slakteuttaket i 2017 vil auke med ein til tre prosent samanlikna med 2016, seier Broback til slutt.