Milliardbløffen til Senterpartiet

Påstått milliondryss frå regjeringa, er i realiteten eit milliardtap for havbrukkommunane.

Denne veka kunne havbruksfondet dele ut fleire milliarder kroner til havbrukskommunar. Det er inntekter som kjem frå sal av oppdrettskonsesjonar og produksjonsavgift, og viser kor viktig havbruket er blitt også når det kjem til kommunale budsjett. Storleiken på overføringane var høgre enn mange kommunar hadde budsjettert med, noko som sjølvsagt er positiv nytt for kommunale budsjett.

Men overføringane til kommunane kunne ha vore mykje større hadde det ikkje vore for regjeringa sin varsla lakseskatt. Dette fordi kjøpesummen på oppdrettskonsesjonar gjekk dramatisk ned ved auksjonane i haust, og 25 prosent av aksjonane ikkje ein gang blei selt. Auksjonane i haust gav inntekter på 3,8 milliardar kroner (til stat, fylkeskommune og havbrukskommunane), medan Kontali Anayse har rekna seg fram til at inntektene normalt ville ha vore over 8 milliarder kroner. Havbruks-kommunane har altså allereie tapt milliardbeløp på lakseskatten. Senterparti-ordførar Tom Rune Eliseussen har til dømes overfor NRK påvist at Senja kommune har tapt 61 millionar kroner.

For at havbrukskommunane ikkje skulle få for stor nedgang i utbetalingane frå Havbruksfondet, måtte regjeringa sjå seg nøydd til å overføre 800 millionar kroner til fondet. Dette er tatt frå dei ordinære budsjetta, som altså er pengar som elles kunne ha gått til helse, skule eller andre gode formål. Den ekstraordinære utbetalinga dekker langt frå heile prisnedgangen på konsesjonar, og havbrukskommunane har derfor framleis eit stort tapt. Ifølgje ordførar Tom Rune Eliseussen vil Senja kommune såleis framleis ha eit tap på 38 millionar kroner.

Til E24 uttaler finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at dette er første sjanse regjeringa har til å gi havbrukskommunane meir av verdiskapinga, medan Erling Sande (Sp) til lokalaviser omtaler overføringa på 800 millionar kroner som eit milliondryss på desse kommunane. Dette er eit forsøk på å dekke over realitetane. Havbrukskommunane hadde fått vesentleg meir i overføringar frå Havbruksfondet denne veka, hadde det ikkje vore for lakseskatten til Senterpartiet og Arbeiderpartiet.

Den varsla lakseskatten har alt gitt mange negative konsekvensar i Distrikts-Norge. Mindre pengar til havbrukskommunane, bortfall av kontraktar for nærmare 40 milliardar kroner, varsla permitteringar for 1 300 tilsette, og ein leverandørindustri som nå varslar om krise og nedbemanning.

Havbruksnæringa er ei av dei viktigaste næringa vi har, og potensialet for vidare vekst og utvikling er stort. Lakseskatten vil stenge for dette, og vil føre til flytting av kapital og ressursar til sentrale strok. Oslo kommune vil for eksempel motta cirka ti prosent av lakseskatten, utan å ha eit einaste oppdrettsanlegg. Det er vanskeleg å forstå at Senterpartiet, som framleis hevder å vere på distrikta si side, kan gå med på noko slikt.