Meidellkonsernet, Gerhard Meidell Alsaker sitt heileigde holdingselskap, har gjort avtale om kjøp av verftsområde og dokk frå Halsnøy Eiendom (eigd av Cinus).
Kjøpet omfattar eit areal på om lag 57 dekar, som ligg yttarst på Røysaneset i Høylandsbygd på Halsnøy i Kvinnherad kommune.
Samtidig er det inngått avtale der Storesund Marine Service kjøpar aksjane i Halsnøy Dokk frå Cinus. Storesund planlegg å driva denne verksemda vidare. Halsnøy Dokk vil inngå langsiktig leigeavtale med Meidellkonsernet på delar av verftsområdet.
Investeringa inneber ei vidare satsing på Halsnøy for Meidellkonsernet, der ein allereie driv omfattande oppdrettsverksemd gjennom Alsaker Fjordbruk og flytekranar, slepebåtar og utleige av lekterar gjennom Tronds Marine Service.
Sluttføring av kjøpet er avhengig av eigedomsgjennomgang (due diligence).