Mattilsynets har meldt ein lakseoppdrettar i Sogn og Fjordane til politiet, opplyser Mattilsynet.
– Me har funne at det ikkje er samsvar mellom dei lakselustala selskapet har registrert i sine eigne system, og dei tala dei har rapportert inn til Mattilsynet, seier Hallgeir Herikstad, regiondirektør i Mattilsynet Sør og Vest.
Politimeldinga dreier seg om brot på «Forskrift om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg» (§§ 6,8 og 10).
Lakselus er ei stor utfordring i norsk oppdrettsnæring. Det er svært viktig at næringa rapporterer inn førekomsten av lakselus i anlegga sine. Dette er eit viktig bidrag for å få kontroll på problema med lakselus.
– Mattilsynet har mange virkemiddel i verktøykassa når vi driv tilsyn. Å melde nokon til politiet er eit av dei sterkaste virkemidla me har, og noko me gjer berre i dei mest alvorlege sakene, anten det gjeld fiskehelse eller dyrevelferd, seier Herikstad.