Marøy går frå Gråkjær til Havbrukspartner

Nyheter
1157

Roger Marøy blir nye kundeansvarleg i konsulentselskapet.

– Roger er ein flott fyr, fagleg sterk og har eit stort nettverk i næringa. Han har gjennom sine forskjellige roller opparbeida seg ein brei erfaring innen havbruk og fleire tilknytta områder. Han tilfører oss framdrift og positivitet, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i Havbrukspartner.

Roger Marøy er 40 år, er busett i Bergen og oppvaksen på Radøy. Han har jobba som fiskeoppdrettar på Radøy og som driftsleiar i Mainstream Finnmark, som innkjøpar for eksportselskapet Seaborn og regional salgssjef for resirkuleringsanlegg hos det danske selskapet Gråkjær.

– Gjennom dei åra eg har kjent gutane i Havbrukspartner har eg alltid satt pris på deira sprudlande humør og kunnskap om oppdrettsnæringa, seier Roger. At eg no skal få mogligheit til å ta del i det spanande som skjer i og rundt Havbrukspartner er noko eg ser fram til.

Roger Marøy tek til i stillinga som kundeansvarleg 1. april.