Marint forskingsamarbeid med Japan

Nyheter
573

Avtalen om samarbeid kom på plass denne veka i samband med det 5. møtet i felleskomiteen for forskings- og teknologisamarbeid. Forskingssamarbeidet med Japan omfatta frå før temaa energi og miljø, nanoteknologi og nye materialar, polarforsking og romverksemd og sjømattryggleik.

– Regjeringa har store ambisjonar for sjømatnæringa. Forsking og innovasjon er heilt sentralt for å utvikle dette til ei viktig framtidsnæring for landet vårt. Difor er hav ei av hovudsatsingane i regjeringa sitt langtidsprogram for forsking. Japan er langt framme når det gjeld å dyrke makroalgar og på fleire andre marine forskingsområde, og eg er overtydd om at vi har mykje å hente på eit nærare samarbeid, seier Aspaker.