Måløy vidaregåande skule vil byggje eit landbasert oppdrettsanlegg

Nyheter
966

I samarbeid med utdanningsinstitusjonar, næring og forsking ønskjer skulen å skape ein god arena for utdanning, rekruttering og næringsutvikling i Vestland.

Eit landbasert anlegg, i små dimensjonar, er no under planlegging.

– Målet er at fasilitetane skal bli som eit stort laboratorium kor elevar kan drifte, øve, eksperimentere og lære i  trygge omgivnader, seier prosjektleiar Mona Bakke Svarstad i ei pressemelding.

Her skal ein kunne gjere feil utan at det får konsekvensar i millionklassen. Sjømatnæringa har, gjennom kartlegging av kompetansebehov, peika på behov for personell som kan drifte RAS-anlegg. Dei nye fasilitetane vert også lagt til rette for slik opplæring. På bakgrunn av stor auke i søkartal er det viktigare enn nokon gong å investere i fasilitetar for praktisk opplæring ved skulen.

– Vi ønskjer at fasilitetane skal bli brukt av mange, seier rektor Åsta Navelsaker Røed. – Gjerne heilt frå barnehage til studentar, forsking og næringsliv. Slik kan dette bli ei storstove i Vestland for livslang læring, innovasjon og næringsutvikling i ei stor, veksande og framtidsretta sjømatnæring. Vi vil i tida framover invitere til dialogmøter for å få innspel på planar, og å kartlegge eksterne behov. Arbeidet inngår i forprosjektet som skal vere ferdig sommaren 2021.

Sikkerheitssenteret ved Måløy vidaregåande skule opplever også auke i etterspørsel av kurs frå oppdrettsnæringa, og tilpassar kurs ut frå behov i næringa. Samtidig vil NIVA, OFS Måløy og Måløy vidaregåande skule arrangere kurs i RAS. Samarbeidet er eit ledd i å styrke kompetanse innan RAS-teknologi i den vidaregåande skulen på nasjonalt plan, og inngår i prosjekt «Kompetanseløft videregående og fagskole på Vestlandet» som har vore leia av Akvahub.

Det er Seafood Innovation Cluster som er prosjekteigar for «Kompetanseløft videregående og fagskole på Vestlandet», og prosjektleiar på vegne av klynga er Akvahub.