– Målet er å produsere større og større fisk

Nyheter
1735

Småoppdrettar med storsatsing på kilosmolt.

Vartdalgruppa fekk ein omsetnad på 180 millionar og eit årsresultat på 17,8 millionar kroner. Det er ein nedgang fra 2016, da omsetnaden var over 300 millionar kroner.

– Vi skubba over fisk frå november/desember til etter årsskiftet, og det lønte seg, seier Ottar Vartdal til Møre-Nytt.

Han er styreleiar og eigar i Vartdalgruppa.

– Vi held opp med å bygge opp anlegg for storsmolt, spesielt på Vartdal, men også på Urke. Det påverka resultatet for konsernet i fjor og vil gjere det i år og neste år også.

Snart er den store påveksthallen på Vartdal heilt ferdig. Her skal settefisken vekse seg stor, opp til eitt kilo, før den vert sett ut i sjøen.

– Det er kjekt å oppleve at vi har marknaden med oss, slik at vi kan våge å gjere dei investeringane vi har lyst til å gjere, seier han.