På Vestlandet har det kome inn to meldingar om størje i not i løpet av den siste veka.
I Austevoll på Austevoll Melaks sitt anlegg Klammerholmen var det kome inn ei makrellstørje på ca. tre meter, melder Fiskeridirektoratet.
– Dei fekk den opp med orkastnot og avliva den, seier Leni Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest.
– Hai-liknande fisk i nota
På K. Strømmen Lakseoppdrett sitt anlegg Marøy NØ i Bremanger var det meldt om hol i ei not 27 september.
– Då me var på tilsyn 1. oktober fekk ein brått melding om at det var observert ein stor hai-liknande fisk i nota, seier Lisæter.
Etter kvart viste det seg at også dette var ei størje.
– Vi var ute for og sjå på anlegget og kartlegge årsaker til holet, men det var jo ingen tvil når den svære makrellstørja på 2,7 meter og 275 kg kom symjande opp i nota, fortel Lisæter.
Skaden i nota var på tolv meters djupn, og var ein meter høgt og tolv centimeter breidt.
– Vi er uroa for utviklinga. Vi veit vi lite om kvifor makrellstørja plutseleg angriper, går tvers igjennom notveggen og inn i oppdrettsanlegget, seier Lisæter.
Svømde gjennom forsterka not
K. Strømmen har not som er forsterka med ståltråd, og størja hadde fått skader på snuten.
Makrellstørja kan symje med ein fart på 70 km/t og har eit hovud som er dekka med harde skjell som gjer at den lett kan gå gjennom ei not med ein brotstyrke på rundt 95 kg.
– Denne makrellstørja vart òg til slutt tatt ut med orkastnot. Då dei opna magesekken så viste den seg å være tom: Størja hadde vore i nota i nesten ei veke og såg ikkje ut til å ha ete mykje laks, seier Lisæter.
Det blir tatt prøver av fisken som blir sendt til Havforskningsinstituttet for nærare analysar av tungmetall, lengde, vekt, DNA og liknande.