Må samarbeide for å møte helsetrussel

Nyheter
505

Det var Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, dåverande Fiskeri- og kystdepartementet og dåverande Miljøverndepartementet som oppretta ekspertgruppa i fjor.

I rapporten som vart offentleggjort 18.august slår den tverrfaglege gruppa fast at ei brei tilnærming og eit breitt samarbeid er avgjerande for å møte utfordringane. Departementa deler dette synet. Dei enkelte departementa vil no vurdere tiltaka som gruppa tilrår på deira område.

– Takka vere effektive vaksiner har forbruket av antibiotika til oppdrettsfisk vore minimalt sidan starten av 1990-talet. Skal vi lukkast i å halde fram med ein låg antibiotikabruk er det avgjerande at eksisterande vaksiner framleis verkar godt og at ein kan utvikle nye vaksiner, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Mikrobar finst i alle miljø – hos menneske og dyr, i plantar, mat og vatn. Bruk og feilbruk av antibiotika til menneske og dyr har ført til ein kraftig auke i førekomsten av bakteriar som er motstandsdyktige mot behandling.

Førebygging i heile matproduksjonskjeda og restriktiv bruk av antibiotika har ført til at antibiotikaresistente bakteriar er eit avgrensa problem i Noreg, både når det gjeld menneske og dyr. Men norske statsborgarar reiser stadig meir, både for å oppleve nye stader og for å få medisinsk behandling. Menneske og matvarer kryssar landegrensene hyppigare enn nokon gong før. Det vil føre til større utfordringar med antibiotikaresistens i Noreg i tida som kjem.

Les rapporten her