Lusemiddel frikjend etter hummer-død

Nyheter
738

Det er Fiskeridirektoratet sin konklusjon etter at det er gjennomført grundige analysar og modellsimulering.

Det vart ikkje funne spor av lusemidlar i analysene av hummaren, og modellsimuleringa som vart gjennomført for å anslå spreiinga av lusemiddel, viser at det er lite sannsynleg at utsleppet av lusemidlar er årsaka til at hummaren døde.

Laurdag 7. november fekk Fiskeridirektoratet melding om at all hummaren i to samlekister i Breiviksundet i Øygarden var funne døde. Samlekistene var plasserte om lag 100 meter frå kvarandre på 4-5 meters djup, og var siste gong sjekka av eigarane onsdag 4. november.

Fredag 6. november vart det gjennomført ei avlusning med badebehandling i presenning på ei av merdane på eit akvakulturanlegg ein kilometer frå samlekassene. Midla som vart brukte var ein kombinasjon av virkestoffa deltametrin (Alfa Max) og azametifos (Trident).

Representantar frå Norges Miljøvernforbund hadde henta det meste av hummaren då Fiskeridirektoratet kom til staden, men vi fekk ni frosne eksemplar av hummaren. Desse vart sende til NIFES og Havforskingsinstitutttet.

NIFES fekk gjennomført analyser for alle restar av lusemiddel hos Eurofins Foods & Feed Testing Norway. Resultatet frå analysene viste at alle prøver og alle stoff var under den aktuelle kvantifiseringsgrensa (LOQ). Det var heller ingen indikasjonar på at desse stoffa førekom i konsentrasjonar under kvantifiseringsgrensa. Alle prøvene var også under gjeldande grenseverdi for fisk (Maximun Residue Limit, MRL).

På bakgrunn av dei utførte analysene er det ikkje mogeleg for NIFES å konkludere i spørsmålet om lusebehandlinga forårsaka at hummaren døde.

Havforskingsinstituttet gjennomførte ei modellsimulering av spreiinga av lusemidlane frå akvakulturanlegget basert på data, som straum- og vindforhold, frå Meteorologisk institutt. Modellen tar berre omsyn til spreiings- og fortynningseffekten, og ikkje til eventuell reduksjon i konsentrasjonen som følge av nedbrytinga av medikamenta.

Tidspunktet for utsleppet av lusemidlane frå oppdrettsanlegget var klokka 15.00 fredag. Modellsimuleringa viste at høgste konsentrasjon ved samlekassene på 5 meters djup ville vere etter cirka 30 timer, det vil seie klokka 21.00 lørdag kveld.

Ifølge modelleringa er det altså lite sannsynleg at utsleppet av lusemidlar er årsaka til at hummaren døde.