Listeria-smitte etter å ha spist røykelaks

Nyheter
0

Folkehelseinstituttet (FHI) har oppdaga eit utbrot forårsaka av bakterien Listeria monocytogenes. Så langt er det påvist smitte hos fire personar. Personar med nedsett immunforsvar, eldre med svekka allmenntilstand og gravide bør vere merksame på matprodukt som kan gje risiko for listeriose, til dømes røykt, raka og graven fisk og mjuke modningsostar.

Alle dei fire personane, tre kvinner og ein mann, blei sjuke i juni og har vore innlagte på sjukehus. Alle er no friske eller i betring. Dei er i alderen 50–80 år og busette i Viken (2), Vestland og Oslo. Det er påvist listeriabakteriar med lik genetisk profil i prøvar frå alle personane, noko som tyder på ei felles smittekjelde.

– Listeriose er ein sjeldan, men alvorleg sjukdom som hovudsakleg rammar personar med nedsett immunforsvar, eldre med svekka allmenntilstand og gravide. Dei bør vere merksame på matprodukt som kan gje risiko for listeriose, til dømes røykt, raka og graven fisk og mjuke modningsostar, samt upasteurisert mjølk, nokre typar oppskore kokt kjøtpålegg og rått kjøt, seier seniorrådgivar Heidi Lange ved FHI i ei melding.

Les også: Trekkes tilbake etter listeria-funn

Listeriose kan gje ulike symptom som diaré, milde influensaliknande plagar, men òg alvorleg sjukdom som blodforgifting eller hjernehinnebetennelse. Bakterien kan også smitte frå mor til barn under graviditet og føre til alvorleg sjukdom hos fosteret.

Tida frå smitte til sjukdom er vanlegvis frå nokre dagar til tre veker, men i sjeldne tilfelle opp til tre månader. Infeksjonen kan behandlast med antibiotika.

FHI har samarbeidd med Mattilsynet, Veterinærinstituttet og aktuelle kommuneoverlegar for å kartleggje om personane kan ha ei felles smittekjelde. Mattilsynet har intervjua personane og innhenta prøvar som Veterinærinstituttet har analysert.

Tre av fire personar oppgjev å ha ete enten røykt laks eller røykt ørret frå same produsent i tida før dei blei sjuke. Utbrotsbakterien er funne i to pakkar røykt laks frå denne produsenten. Éin av personane hadde pakkane i frysaren.

Bakteriestammen i dette utbrotet er lik utbrotsstammen påvist i utbrotet av listeriose i 2022 der røykt laks var mistenkt smittekjelde.

Listeria smittar vanlegvis gjennom mat, spesielt kjølelagra matvarer med lang haldbarhetstid som blir eten utan vidare varmebehandling. Risikoen med slike produkt aukar utover i lagringstida. Listeria kan formeire seg i mange matvarer sjølv med god kjøling, men raskare om temperaturen er høgare. Risikoen for sjukdom aukar med auka konsentrasjon av Listeria.

Dei fleste menneske kan ete matvarer som inneheld Listeria-bakterien utan å bli alvorleg sjuke, men utsette personar toler mindre av bakterien.