Regjeringa har fått sterk kritikk for forslaget om grunnrenteskatt på havbruk. Kritikken har retta seg både mot saksbehandlinga, og sjølve lakseskatten. Regjeringa har svart på dette med stadig sterkare forsikringar om at høyringsrunda skal vere reell og skikkeleg. Regjeringa har òg sagt at dei ønskjer å få til eit breitt forlik på Stortinget, som kan stå seg over tid.
Havbruksnæringa har i lengre tid opplyst at det er rom for å yte meir til fellesskapet utover det næringa betalar i dag, dvs vanleg bedriftsskattlegging og den «grunnrenteskatten» som blir betalt i dag (kjøpesum for nye oppdrettskonsesjonar og produksjonsavgift). Havbruksnæringa har gjennom Sjømat Norge og Sjømatbedriftene derfor nå kome med eit nytt forslag til grunnrenteskatt. Dette forslaget vil gi det same skattebeløpet til fellesskapen som regjeringa meiner sitt forslag vil gi, omlag 3,6-3,9 milliarder kroner.
Havbruksnæringa sitt forslag til ny grunnrenteskatt bygger mykje på den såkalla Færøyane-modellen, og som visstnok òg Island skal innføre. I følgje havbruksnæringa vil dette forslaget vere betre for næringa, samtidig som den altså gir fellesskapen like mykje skatteinntekter som regjeringa meiner forslaget sitt vil gi.
På bakgrunn av regjeringa sine stadig forsikringar om at høyringsrunda skal vere reell, skulle ein tru at forslaget blei tatt i mot på ein open og skikkeleg måte, og at tilbakemeldinga var at ein sjølvsagt skulle sjå på og vurdere forslaget. Men, nei. Senterpartiet sin finanspolitiske talsperson Geir Pollestad avviser forslaget kontant, og gir i tydeleg ordlag det klart at regjeringa ikkje ein gang vil vurdere forslaget.
Slik er det altså blitt med denne regjeringa. Senterpartiet og Arbeidarpartiet vil ikkje lytte til innspel, sjølv om skatteinngangen ikkje blir mindre, og sjølv om regjeringa har forsikra at høyringa var reell. Og alt dette etter at regjeringa fremja eit forslag som har hausta stor kritikk både for sakbehandlinga og for innhald, og som har mange sider det både hefter manglar og uvisse til.
Høgre har heile tida vore kritisk til lakseskatten, og det både når det gjeld innretting og det totale skattepresset næringa nå blir utsett for. Vi har òg bedt om at normprissystemet bør leggast bort, og at ein ny grunnrenteskatt ikkje bør innførast før Stortinget har behandla saka. Når det nå er kome eit nytt forslag til grunnrenteskatt frå næringa, som til alt overmål legg opp til same skatteinngang som regjeringa meiner sitt forslag vil gi, må det etter vårt syn vere opplagt at forslaget må bli vurdert på ein skikkeleg måte. Først då vil ein kunne gjere seg opp ei meining om dette er ein god veg å gå. Det å avvise forslaget utan vidare, vitnar dessverre om ei regjering som for lengst har bestemt seg for å gå på autopilot, og som manglar både respekt og folkeskikk overfor ein av dei viktigaste distrikts- og kystnæringane vi har.