Lakserømming i Sognefjorden

Nyheter
1207

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Tombre Fiskeanlegg i Vadheimsfjorden i Høyanger.

Tombre Fiskeanlegg hadde torsdag 29. oktober ei rømmingshending på lokaliteten Djupeleget i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om eit relativt stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Det melder Fiskeridirektoratet.

Selskapet driv gjenfangst i området og har så langt gjenfanga 69 oppdrettslaks. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av tre kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet.