Lakserømming i Hardangerfjorden

Nyheter
2163

Fiskeridirektoratet fekk fredag melding frå Lingalaks om rømming frå deira lokalitet Bergadalen i Kvam herad.

Ifølgje selskapet vart det fredag oppdaga ei flenge i nota under ROV-inspeksjon.

Rømmingsomfanget er ikkje klarlagt, men oppdrettslaksen i anlegget har ei snittvekt på 3-4 kg. Selskapet har ute gjenfangstgarn, og har i løpet av helga gjenfanga sju laksar, skriv Fiskeridirektoratet i ei melding.

Fiskeridirektoratet har òg fått inn tips frå andre om fangst av rømt oppdrettslaks i denne storleiken i området.

For å få eit bilete av omfang og spreiing ynskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området.