Det er Fiskeri- og næringsdepartementet som har gitt alle oppdrettarar høve til å vokse fem prosent på eksisterande løyver for oppdrett av laks. Det blir stilt strenge miljøkrav, og grensa for lus er også under gjeldande regelverk.
– Vi har store utfordringar knytt til lus i store delar av landet, og vi har vert tydeleg på at den store veksten i næringa ikkje kan komme før luseutfordringa er løyst. Marine Harvest er derimot einige i at ein skal kunne vokse der vi har kontroll på lusa. I Kvænangen meiner vi at vi skal kunne vokse fem prosent i tråd med dei strenge krava til miljø og lus, seier regiondirektør i Marine Harvest, Turid Lande Solheim
Marine Harvest har søkt om vekst for 22 løyver. Dei er plassert i Troms (7) og Vest-Agder (15). Halvparten av vederlaget selskapet må betale går til vertskommunane, og utgjer 3, 5 millionar for Kvænangen og 7,5 millionar for Flekkefjord i Vest-Agder. Turid Lande Solheim meiner det er bra at det går pengar til lokalsamfunna.
– Marine Harvest meiner det er svært positivt at kommunane får peng når vi veks i kommunane. Samstundes skulle vi gjerne sett at kommunane fekk heile summen, både ved denne runden og ved ny vekst i næringa. Dette har også vert vårt innspel til politikarane, seier Lande Solheim.