Lakselus i ope farvatn

Meninger
668

Aslak Berge, redaktør i iLaks, meiner at Havforskingsinstituttet ikkje vil diskutere lakselusmodellen i det opne rom. Det er hans konklusjon etter ein kommentar frå ein av våre modellørar, Lars Asplin, for ei veke sidan.

Les også: Vil legge lokk på viktig debatt

Eg les innlegget til Asplin heilt annleis enn Berge gjer. Slik eg les Asplin så påpeiker han at vitskapleg publisering skjer i vitskaplege tidsskrift med anonym fagfellevurdering. Det er den vanlege måten å publisere på i akademia.

Men det betyr ikkje at vi ikkje skal informere og debattere i til dømes FiskeribladetFiskaren sine spalter eller på  iLaks, for den del. Tvert i mot. Vi tar gjerne diskusjonar om resultata og råda våre, men vi må òg ha rett til å vere usamde med dei som har ei anna oppfatning. Det er ikkje det same som å vere arrogant eller ha manglande evne til å lytte.

For å få til ei styrking av kommunikasjonen mellom næring og forsking på dette området, inviterer vi 25. november til eit ope dialogmøte om akvakultur med hovudfokus på lakselusforsking og –modellering. Det er vår erfaring at å skape arenaer der folk møtest og diskuterer, bidreg til auka forståing og kan oppklare mistydingar eller feiltolkingar.

Vi kjem attende med invitasjon og program for dialogmøtet. Vi ser fram til god kunnskapsdeling og debatt på eit område som er svært sentralt for ei god utvikling av akvakulturnæringa her til lands.