Laks på rømmen i Kvinnherad

Nyheter
0

Rømd frå ukjend kjelde.

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om at det siste døgnet er fanga om lag 15 oppdrettslaks i Høylandssundet aust for Halsnøy i Kvinnherad kommune i Vestland.

Fisken som er fanga, er i storleiken 3-6 kg.

“Fiskeridirektoratet kan per no ikkje knyte fangstane til nokon kjend rømming, og vil kontakte aktuelle oppdrettsselskap i området. Vi ønskjer at publikum tipsar oss om fangst og observasjon av oppdrettslaks i området”, skriv Fiskeridirektoratet i ei melding onsdag.

“Tipsene vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken. Gjeldande fiskereglar i området må følgjast”, skriv direktoratet.