Kvifor klarer vi ikkje å berga Vossolaksen?

Nyheter
1727

Vossolauget har sidan 2008 gjort ein stor innsats for å reetablera Vossolaksen som ein haustbar bestand. Mykje arbeid har vore lagt ned og både forsking, forvaltning og private interesser har bidrege. Trass i dette uteblir resultata. 

Tysdag 28. mai blir det avholdt avslutningsmøte  der Vossolauget presenterer ulike delar av arbeidet med å reetablera Vossolaksen som ein haustbar bestand. Eit godt samansett panel skal drøfta vegen vidare i dette arbeidet. Kor står vi no, og kva er moglege tiltak framover?

– Vi er glade for å ha bidrege som ein viktig del av redningsakjonen for Vossolaksen. Vår oppgåve var å forsterka den delen som hadde gjeve gode resultat i forskinga. Det var å slepa kultivert smolt med opphav i genbank ut til kysten. I motsetnad til rognplanting og yngelutsetting i elva fekk ein ved sleping tilbake gyteklar Vossolaks, seier Nils Inge Hitland, styreleiar i Vossolauget.

Meir enn 500.000 Vossosmolt er slept ut i perioden 2009-2013.

Vossolauget sitt styre vart samansett av representantar frå havbruk, elveeigarar, forvaltning og forsking.

– Vi var spente og forventningsfulle når dei første «ville» laksane våre skulle returnera til elva i 2016. Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Det same gjentok seg i 2017 og 2018. Store gytebestandar i åra 2011-2015 hadde gjeve auka yngel og smoltproduksjon i elva. Kva skjedde med dei? Kvifor kom dei ikkje tilbake som laks? Kom dei seg ikkje ut or elva? Dette må vi finna ut av seier Hitland.

I 2018 nådde ein heller ikkje gytebestandsmålet for Vossovassdraget.

– Det er positivt at vi har bidrege til å få tilbake ein bestand med Vossolaksgener sjølv om den er liten. Det er og positivt at påverknaden frå lakselus er redusert. I dei åra smolten frå Vossolauget sin gytefisk vandra til havs viser luseforskninga at det var liten, eller ingen negativ påverknad på denne villsmolten. Dessverre har vi sett ein negativ trend siste året. Det må vi i havbruksnæringa jobba med, seier Hitland.

Vossolauget er no under avvikling. Bodskapen i det vidare arbeidet er: Dei negative faktorane som hindrar Vossolaksen i å reetablera seg må avklarast. Dersom dette ikkje let seg gjera, eller at desse faktorane ikkje kan rettast på, treng Vossolaksen hjelp for å kunna bestå som ein haustbar bestand.